Hege Kirsti Frøseth (fødd 20. desember 1969) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Støren. Målvakta vann OL-sølv i 1992 og VM-bronse i 1993.

Hege Frøseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. desember 1969 (54 år)
Trondheim
Yrke handballspelar
Høgd 176 centimeter
Ektefelle Stig Inge Bjørnebye

Frøseth var i unge år medlem i Støren IL. I 1988 melde ho seg inn i Trondheims-laget Sverresborg IF, eit lag ho i 1988 tapte NM-finalen med. Nokre år seinare flytta ho over til byrivalen Byåsen Idrettslag og spelte nokre få sesongar på det laget.

Frøseth debuterte for Noreg i landskamp mot Frankrike den 5. september 1989. Sommaren 1992 deltok ho i dei olympiske sommarleikane i Barcelona, ei turnering som enda med sølvmedalje etter stort norsk finaletap mot Sør-Korea. I desember 1993 var ho med då Noreg vann 20-19 mot Romania i bronsefinalen under handball-VM 1993 på heimebane. Frøseth spelte 82 landskampar for Noreg.

Merittar endre

  • VM 1990: Nr 6 med Noreg
  • OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
  • VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania

Ho er gift med Stig Inge Bjørnebye.

Kjelder endre