Herdis Holmboe (12. desember 188126. november 1967) var ein norsk pedagog og leiar i Norges Lærerinneforbund.

Herdis Holmboe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1881
Strinda kommune
Død

26. november 1967 (85 år)

Yrke lærar
Far Michael Holmboe
Mor Eleonore Holmboe
Herdis Holmboe på Commons

Bakgrunn endre

Holmboe vaks opp på Rotvoll utanfor Trondheim, der faren Michael Holmboe (1852–1918) var lege ved Rotvold Sinnsykeasyl. Mora heitte Eleanore Vogt (1857–1901). Broren Jens Holmboe (1880–1943) blei botanikar og Fredrik Vogt Holmboe (1886–1954) veterinær og insektsforskar. I 1893 blei faren medisinaldirektør og Herdis måtte flytte til Kristiania.

Utdanning og karriere endre

Etter å ha gjennomført Kristiania Privatseminar (Kristiania Lærerskole) i 1901 jobba Holmboe for Vålerenga skole fram til ho pensjonerte seg i 1947, fyrst med folkeskule, dernest i den kommunale framhaldsskulen for jenter. Skulen var blitt skipa i 1895, så frå 1934 til 1947 var ho overlærar og rektor for skulen. Under den andre verdskrigen organiserte ho undervisinga i private heimar.[1] Rannveig Aannerud (1899–1988) overtok rektorvervet frå Holmboe.

Frå 1929 var Holmboe forretningsførar i Norges Lærerinneforbund. Ho overtok i 1938 leiarvervet der etter Anna Sethne (1872–1961) og hadde vervet fram til 1946,[2] noko forbundet gav henne æresmedlemsskap for.[3] Holmboe var også nestformann i det nordiske lærarinneforbundet.[2] I 1947 mottok ho Kongens fortenestemedalje i gull i 1947.[4]

Kjelder endre

  1. Vålerenga skole 100 år. [Vålerenga skole]. 1995. ISBN 8299362903. 
  2. 2,0 2,1 Dødsfald, nekrolog i Aftenposten den 29. november 1967.
  3. Herdis Holmboe fra Strinda Historielag.
  4. Kongens fortjenstmedalje i gull i VG den 5. mai 1947.

Litteratur endre