Jens Holmboe (1880–1943)

Jens Holmboe (fødd 5. mai 1880 i Tvedestrand, daud 24. juli 1943) var ein norsk botanikar.[1][2][3]

Jens Holmboe

Fødd5. mai 1880
Tvedestrand
Død25. september 1943
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdebotanikk
Yrkebotanikar, professor, redaktør
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Universitetsmuseet i Bergen
Universitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo
Oslo katedralskole
BarnGudrun Nordli
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Holmboe i Botanisk hage i Oslo på 1930-talet

Jens Holmboe var son av legen Michael Holmboe. Han vart student i 1898 og vann kronprinsens gullmedalje i 1902 for avhandlinga «Plantarester i norske Torvmyrer». I 1899 vart han konstituert og i 1902 fast tilsett som assistent ved universitetet i Kristianias botaniske have. I 1906 vart han konservator ved Bergens Museums botaniske avdeling, og i 1914 professor i botanikk ved museet. Frå 1907 til 1917 var han dessutan direktøren for museet, men han sa frå seg stillinga då det administrative arbeidde i samband med den planlagde skipinga av eit bergensk universitetet fekk så stort omfang at det hindra det vitskaplege arbeidet. Frå 1906 var han i tillegg redaktør for tidsskriftet Naturen, og fram til han gjekk av som direktør òg av årboka til museet.

Heilt frå han var student, dreiv Holmboe botaniske studiar og gjorde mange vitskaplege undersøkingar i Noreg og i utlandet. I 1905 var han på Kypros for å studera øyas eiendommelege og mangelfullt kjente flora. Resultatet av studiane offentleggjorde han i eit stort tal større og mindre avhandlingar. Dei fleste behandlar plantegeografiske emne. Særleg freista han å bidra til utgreiing av korleis Noreg fekk det noverande plantedekket sitt. Andre skrift tok opp planteøkologiske og kvartærgeologiske spørsmål. Han skreiv òg om diatomear, orientalske plantar og om arvelegheitsspørsmål.

Holmboe var medlem av den norsk-svenske reinbeitekommisjonen av 1913 og deltok i det store feltarbeidet og utarbeidinga av innstillinga som låg til grunn for konvensjonen av 5. februar 1919 om «Flytlappernes tilgang til renbeitning». Frå 1910 var han medlem av Videnskabs-Selskabet i Christiania. Han var kommandør av den svenske Vasaordenen og riddar av Nordstjerneordenen.

Bibliografi endre

  • Holmboe, Jens (1910). Veiviser i Den botaniske Have. Kristiania. 
  • Holmboe, Jens (1912). Vaarens utvikling i Tromsø amt: fænologiske undersøkelser. Bergen. 
  • Holmboe, Jens (1929). Gamle norske matplanter. Oslo: I kommisjon hos J. Dybwad. 
  • Holmboe, Jens (1937). Plantelivet: lærebok i botanikk for skoler. Oslo: Cappelen. 
  • Holmboe, Jens (1940). Plantelivet: utgave for realskolen og gymnasiets to første klasser. Oslo: Cappelen. 
  • Holmboe, Jens (1941). Gratis mat av ville planter: med oppskrifter av Juliane Solbraa-Bay. Oslo: Cappelen. 

Kjelder endre