Hertugdømet Preussen

Hertugdømet Preussen (tysk Herzogtum Preußen; polsk Prusy Książęce) var eit hertugdøme oppretta i 1525 i den tidlegare Klosterstaten til Den tyske riddarordenen i den austlege delen av Preussen. Det var først ein protestantisk luthersk stat med ein dominerande tysktalande folkesetnad og ein polsk og litauisk minoritet.

Herzogtum Preußen (tysk)
Prusy Książęce (pl)
Hertugdømet Preussen
Vasall av Polen fram til 1657

1618 Våpenskjoldet til Brandenburg

Våpenet til Preussen

Våpen

Plasseringa til Preussen
Plasseringa til Preussen
Hertugdømet Preussen (stripete) på andre halvdel av 1500-talet.
Hovudstad Königsberg
Religion Protestant (Luthersk)
Styreform Monarki
Hertug av Preussen
 - 1525—1568 Albert I
 - 1568—1618 Albert Fredrik
Historie
 - Sekularisering April 1525
 - Personalunion
(med Brandenburg)
27. august 1618
 - Sjølvstende 19. september 1657

Hertugdømet, som hadde hovudstad i Königsberg (Królewiec), vart arva av kurfyrstane av Brandenburg frå Huset Hohenzollern i 1618. Personalunionen vert kalla Brandenburg-Preussen fram til det fekk status som kongedøme i 1701.

Hertugdøme Preussen vart stort sett verande ein sjølvstyrt vasall under Det polsk-litauiske samveldet fram til 1657, då «Storfyrste» Fredrik Vilhelm av Brandenburg fekk full suverenitet over området etter Wehlau-traktaten, og vart fullt ut anerkjend med Oliva-traktaten (1660).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hertugdømet Preussen