Highway Star
Singel av Deep Purple
frå albumet Machine Head
B-side

Highway Star (lang versjon)

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1972 (Japan)[1]
September 1972 (USA)[2]
Innspelt 6–21. desember 1971
Montreux i Sveits
Sjanger
Lengd 6:09
6:39 (The 1997 Remixes-versjonen)
Selskap EMI (Storbritannia)
Warner Bros. (USA)
Komponist Ian Gillan, Roger Glover, Ian Paice, Ritchie Blackmore, Jon Lord
Tekstforfattar Ian Gillan, Roger Glover, Ian Paice, Ritchie Blackmore, Jon Lord
Låtskrivar(ar)
Produsent Deep Purple

«Highway Star» er ein song frå albumet Machine Head frå 1972 av det engelske rockebandet Deep Purple. Songen har ein lang klassisk-inspirert gitar- og orgelsolo.[6] Ritchie Blackmore hevdar at han ønskte at songen skulle ha ein «Bach sound.»

Historie endre

Songen kom til på turnébussen på veg til Portsmouth i 1971 då ein journalist spurte bandet om korleis dei skreiv songar. For å vise dette tok gitarist Ritchie Blackmore ein akustisk gitar og byrja å spele eit riff som bestod av ein enkel «G» om att og om att, medan vokalist Ian Gillan improviserte teksten over. Songen vart utbetra og framført same kveld.[7] Songen kom første gong ut på albumet Machine Head i 1972. Songen er framleis ein av dei faste songane på konsertane deira og var opningssongen i mange år. I dag vert songen stort sett spelt som ekstranummer.

Albumet Made In Japan har ein konsertversjona v songen og to andre konsertopptak finst på Deep Purple-Extended Versions Live Compilation.

Struktur endre

Songen opnar med ein 35 sekund lang bass- og gitarintroduksjon, før bandet går inn i opningsriffet, og det første verset (0:55). Etter dei første to versa starta Jon Lord orgelsoloen sin (2:14). Orgelsoloen varer kring eitt minutt, før Ian Gillan syng det tredje verset av songen (3:24). Etter tredjeverset starta gitarsoloen (4:04), og varer like under eitt minutt og tjue sekund. Det fjerde og siste verset, som er ei gjentaking av det første verset, og songen endar etter kring 6:10.

Gitarsoloen i songen vart av lesarane av Guitar World kåra til den 15. beste gjennom tidene.

Andre versjonar endre

På grunn av det raske tempoet har «Highway Star» vorte spelt inn av mange band innan speed metal-sjangeren. Av artistar og band som har spelt songen finn ein , Night Ranger, Faith No More, X-Cops, , Metal Church, Cactus Jack, Alter Bridge, Les Fradkin, Type O Negative, Dream Theater, Bugotak, Do As Infinity, Chickenfoot, Buckcherry, Puhdys og Stryper.

I popkulturen endre

Songen er nytta i videospela Rock Band (2007), Rock Revolution (2008), Elite Beat Agents (2006), Rock n' Roll Racing (1993), Guitar Freaks, Grand Theft Auto IV, samt filmane Dazed and Confused og The Stöned Age, samt komiserien That '70s Show.

Kjelder endre

  1. «Deep Purple singles discography». 
  2. Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 105. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  3. Vinny Cecolini (20. juni 2015). Shootin' the Sh*t — Volume One: Conversations with Rock Anti- Heroes, Icons & Metal Gods. BearManor E. s. 58. GGKEY:WN9DDZBW0R5. 
  4. Martin Popoff (2003). The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time. ECW Press. s. 16. ISBN 978-1-55022-530-3. 
  5. Jeremy Wallach; Harris M. Berger; Paul D. Greene (27. desember 2011). Metal Rules the Globe: Heavy Metal Music Around the World. Duke University Press. s. 47. ISBN 978-0-8223-4733-0. 
  6. «:::: Roger Glover - the official website». Glover.thehighwaystar.com. Arkivert frå originalen 11. mars 2007. Henta 28. mai 2012. 
  7. Roger Glover Interview[daud lenkje] at stevemorse.com