Hisings skipreide

Hisings skipreide var den sørlegaste av skipreidene i Båhuslen. Opphavleg femna ho om heile øya Hisingen og øygarden vestanom, men på 1200-talet vart to sokner sør på øya, Tuve og Lundby, overførte frå Noreg til Sverige. Deretter omfatta skipreida Backa, Björlanda, Rödbo, Säve, Torslanda, Tuve og Öckerö sokner, og i tillegg den del av Sverige som i vederlag var gått over til Norge, nemleg sørlege delen av Nödinge sokn på fastlandet austafor Göta älv.

Säve. Like ved har tingstaden for Hisingen lege.

Da heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga. Hisings skipreide vart omskipa til Västra Hisings härad, i motsetnad til Östra Hisings härad som var den del av øya som frå før hadde vore svensk. Iblandt har òg nemningane Norska Hisingen og Svenska Hisingen vore brukte.

I dag dannar skjergardssokna Öckerö ein kommune for seg sjølv, mens heile øya Hisingen inngår i Göteborgs kommun.