Horace Walker (18381908) var ein engelsk fjellklatrar som gjorde fleire oppsiktsvekkande fyrstebestigingar, mellom desse av Grandes Jorasses og Elbrus.

Bak frå venstre; Jakob Anderegg, M.J. Moore, Lucy Walker, Melchior Anderegg. Midtrekka frå venstre; frk Hughes, Horace Walker, fru Walker, Adolphus Moore. Fremst sit Francis Walker og Johann Jaun

Walker var son til lerhandlaren Francis Walker (1808–1872) i Liverpool. Faren var ein ivrig fjellklatrar, og både sonen Horace og dottera Lucy Walker (1836–1916) dreiv med klatring. I 1864 var alle tre med då toppen av Balmhorn vart nådd for fyrste gong.

Fire år seinare stod Horace Walker for fyrstebestiginga av Grandes Jorasses, saman med tre fjellførarar. Til minne om hendinga har høgste toppen på fjellet fått namnet Pointe Walker (4 208 moh); herav Walker Spur, den best kjende fjellpillaren i nordveggen som er ein av Dei store nordveggane i Alpane.

I 1874 var Walker med då den høgste fjelltoppen i Europa, Elbrus i Kaukasus, vart kliven for alle fyrste gong.

Walker var formann for Alpine Club i tida 1891-93.

Fyrstebestigingar endre

Grandes Jorasses med Pointe Walker til høgre

Notar endre

Kjelder endre