Housay, òg kalla West Isle,[1] er ei av tre øyar i Out Skerries, den austlegaste delen av Shetlandsøyane. Ho har kring 50 innbyggjarar.

Housay
Geografi
Housay is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°25′26″N 0°45′50″W / 60.424°N 0.764°W / 60.424; -0.764
Øygruppe Shetlandsøyane

Areal 1,63 km²

Høgaste punkt 53 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane

Demografi
Folketal 50 (2001)
Folketettleik 30,7 /km²

Geografi endre

 
The North Mouth (vik) mellom øyane Housay og Bruray.
 
Ei vik på Housay

Housay har den mest komplekse geologien på Out Skerries, med granitt i Mio Ness heilt sørvest, kalkstein på sørsida og store konsentrasjonar med gneis og skifer.[1]

Housay består av fleire små halvøya, og den største av dei peikar sørvestover og er over 1,5 km lang. I nord strekkjer seg eit anna nest seg nordover og svingar sørvestover, parallelt til den større halvøya. Mellom desse ligg West Voe.

Øya er omgjeve av fleire staurar, mellom anna Hevda Stacks i nord og Stack a Mooth & Stack a Pillar i sør. Det finst òg ei sjøgrotte i sør, og Da Steig er ei kollapsa grotte, mellom øya og Mio Ness

Mellom Housay og Bruray ligg North Mouth og South Mouth.

Øya vert stundom råka av vassmangel. Det er lite torv på Out Skerries, slik at innbyggjarane på øya har fått rettar til å skjere torv på Whalsay.[1]

Historie endre

Dei mange norrøne stadnamna indikerer at øya har vore busett sidan minst den tid, om ikkje enno tidlegare.

Øya hadde flest innbyggjarar i 1891, då nesten 90 menneske budde her. I dag er det kring halvparten så mange att, 50 innbyggjarar i 2001.

Infrastruktur endre

På øya finst postkontor, ein av to butikkar på Out Skerries, ei kyrkje og eit samfunnshus.

Skerries Bridge vart bygt i 1957 mellom Housay og Bruray.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.