Ida Schöpfer (22. oktober 19297. juni 2014) var ein sveitsisk skirennar frå Flühli i kantonen Luzern. Ho vart i 1954 verdsmeister i både utfor og den alpine kombinasjonen. Ti gongar vart ho sveitsisk meister.

Ida Schöpfer
Statsborgarskap Sveits
Fødd 29. oktober 1929
Flühli
Død

7. juni 2014 (84 år)
Flühli

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1952

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

Schöpfer slo gjennom nasjonalt då ho i 1948 vart sveitsisk meister i kombinasjonen. Året etter fekk ho plass på det sveitsiske skilandslaget, og var den fremste sveitsiske kvinnelege alpinisten åra 1951-54.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo kom ho på 10. plass i utfor og 16. plass i storslalåm. To år seinare, under VM i alpint 1954 i Åre i Sverige, slo ho favoritten Trude Klecker frå Austerrike med eit tidels sekund og tok gull i utfor. Deretter vart ho nummer åtte i storslalåmtevlinga, før ho fekk sølvmedaljen i slalåm etter ein framifrå andreomgang. Slalåmresultatet gjorde at ho også gjekk til topps i den alpine kombinasjonen, med klar margin til landskvinna Madeleine Berthod.

Ida Schöpfer-Bieri døydde i heimstaden Flühli, 84 gammal.

Kjelder endre

  • (en) Ida Schöpfer – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • (en) Ida Schöpfer – Profil og resultatoversikt hos FIS