Iksal (arabisk إكسال, Iksal; hebraisk אִכְּסָאל, כִּסְלוֹת תָּבוֹר, Kislot Tavor[3]) er ein arabisk lokal kommune nord i Israel, kring 5 km søraust for Nasaret.[4] Han har eit folketal på 13 007, hovudsakleg muslimar. Namnet på byen trur ein kjem frå Chesulloth (Chisloth-Tabor), ein bibelsk by nemnt i Josvas bok.[4][5]

Iksal
אִכְּסָל, אכסאל, כִּסְלוֹת תָּבוֹר, إكسال
lokal kommune
Iksal, som sett frå Nasaret Illit
Namneopphav: frå Iksal, eit førenamn[1]
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°41′N 35°19′E / 32.683°N 35.317°E / 32.683; 35.317
Areal 9,0 km²
Folketal 13 007  (2012)[2]
Folketettleik 1 445 / km²
Kart
Iksal
32°40′57″N 35°19′28″E / 32.6825°N 35.324444444444°E / 32.6825; 35.324444444444
Wikimedia Commons: Iksal
Nettstad: موقع إكسال
مدرسة إكسال الثانوية
مدرسة إكسال الإعدادية

Historie endre

Iksal vart av Josefus kalla Xaloth.[6]

I 536 vart det halde eit råd i Jerusalem for å fordømme erkekjettaren Severus og følgjarane hans. I rådet var 45 biskopar frå Palestina, inkludert ein Parthenius, biskopen av Exalus, som er identifisert som Iksal.[7] Dermed veit ein at byen hadde nok kristne på 500-talet til å få ein biskop.

Den 22. desember 946 slo styrkane til det egyptiske Ikhshidid-dynastiet styrkane til Sayf al-Daula ved Iksal. Sistnemnde trekte seg attende til Aleppo, medan Ikshidid-styrkane rykka fram mot Damaskus.[8]

I krossfarartida eller mamelukkstyret i Palestina, vart det bygd ei borg i Iksal, og ruinane er framleis synlege i dag.[9]

Som så mange andre arabiske byar og landsbyar i Galilea som vart ståande etter den arabisk-israelske krigen i 1948, overgav Iksal seg til israelske styrkar utan kamp. Folk som hadde samarbeidd med sionistar før Israel vart oppretta, forhandla vilkåra i overgjevinga og overføringa til eit styre under den nye militære regjeringa.[10]

Arkeologi endre

Arkeologiske utgravingar i Iksal har avdekka gjenstandar frå romartida og bysantinsk styre i Palestina.[9]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 126
  2. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 21. november 2014. 
  3. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 37. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  4. 4,0 4,1 Freedman et al, 2000, s. 236.
  5. Aharoni, 1979, s. 120, 257.
  6. Armstrong, 2009, s. 42.
  7. Bagatti, Bellarmino (2001). Ancient Christian Villages of Galilea. Jerusalem: Franiscan press. s. 217. 
  8. Gil, 1997, s. 319-320.
  9. 9,0 9,1 Yardenna Alexandre (September 26, 2008). «Iksal: Final Report». Hadashot Arkheologiyot: Excavations and Surveys i Israel (Israel Antiquities Authority) (Journal 120). Arkivert frå originalen 18. mai 2013. Henta 6. desember 2014. 
  10. Cohen, 2010, s. 17.

Bakgrunnsstoff endre