Indre Sogn er ikkje ei fast geografisk avgrensing, men vert ofte brukt som ei fellesnemning for kommunane og landområdet inst i Sognefjorden. Når ein deler Sogn i to geografiske område, Indre Sogn og Ytre Sogn, omfattar Indre Sogn kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Området midt i Sogn, altså dei kommunane som ligg lengst vest i Indre Sogn, vert av og til omtala som Midtre Sogn.

Kommunar i Sogn og Fjordane, delt i regionane Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn.

Indre Sogn har eit samla areal på 8 584 km² og 28 756 innbyggjarar per 27. februar 2020.[1]

Kommunar i Indre Sogn endre

Indre Sogn består av seks kommunar:[2]

Nr Våpen Navn Innbyggere Målform
1420   Sogndal kommune 7 348 Nynorsk
1421   Aurland kommune 1 712 Nynorsk
1422   Lærdal kommune 2 205 Nynorsk
1424   Årdal kommune 5 572 Nynorsk
1426   Luster kommune 5 026 Nynorsk
1417   Vik kommune 2 748 Nynorsk

Tidleg historie endre

Manntalet frå 1701 frå Ytre og Indre Sogn futedøme viser at prestegjelda som vart plassert i Indre Sogn var Lærdal, Sogndal, Luster og Hafslo, medan prestegjelda Vik, Leikanger, Aurland, Voss, Askvoll og Eivindvik var i Ytre Sogn[3]

Ein matrikkel frå 1723 inkluderer desse skipreida i Indre Sogn: Lærdal, Borgund, Årdal, Luster, Marifjøra, Solvorn, Sogndal og Norum. Skipreida i Ytre Sogn var i 1723 Aurland, Nærøy, Systrond, Tjugum, Kvamsøy, Vik, Klævol, Lavik og Utvær.[4]

Amtstida endre

Nordre Bergenhus Amt, det som i dag er Sogn og Fjordane fylke, vart oppretta i 1763 vart amtet delt i fire futedøme: Ytre Sogn og Indre Sogn, Nordfjord og Sunnfjord.[5]

I 1917 gav Det Statistiske Centralbyraa ut "Norges Civile, Geistelige og Judicielle Inddeling", og i tabell 3 finn vi "Rikets inddeling amtsvis i prestegjeld; og sogn, bykommuner og herreder, lensmandsdistrikter, tinglag, sorenskriveri og fogderi." Her kan vi sjå at futedømet heiter Sogn, men at det er delt inn i Indre Sogn og Ytre Sogn sorenskriveri. I Indre Sogn finn ein: Jostedalen, Lærdal, Hafslo, Årdal, Luster og Sogndal. I Ytre Sogn finn vi Aurland, Balestrand, Leikanger, Vik, Lavik], Gulen og Sulen.[6]

Moderne bruk endre

Jordskiftesoknet til Indre Sogn Jordskifterett omfattar kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.[7]

Sogn regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane i Indre Sogn: Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Regionrådet jobbar med rammevilkår for busetnad og næringsliv, samt med samordning.[8]

Sjå òg endre

Kjelder endre