Ingvild Kristiansen Bakkerud (fødd 9. juli 1995) er ein norsk handballspelar frå Kongsberg som sidan 2020 er aktiv for det danske laget Ikast. Ho vann VM-sølv med Noregs landslag under verdsmeisterskapen 2023 i Danmark. Bakkerud er venstre rykkromspelar.

Ingvild Bakkerud


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1995 (28 år)
Kongsberg kommune
Idrett handball

Karriere endre

Landslagsspel endre

Tida frå 2018 til 2023 deltok Bakkerud i 49 av Noregs landskampar, skåra 82 mål. Ho fekk sin meisterskapdebut i 2019, men måtte vente fire år før ho atter fekk vere med i ein internasjonal meisterskap. I VM-finalen 2023 skåra ho 2 mål då Noreg tapte mot Frankrike i danske Herning.

Klubbspel endre

Bakkerud spelte på heimlege Skrim frå 2010 til 2018. Ho var deretter Odense-spelar i to sesongar. Frå sommaren 2020 er ho ein sentral spelar for Ikast, eit av topplaga i dansk kvinnehanball. Bakkerud skåra 8 mål då Ikast vann finalen i EHF-europaserien 2023 med 31 mål mot Nykøbing sine 24 fulltreffarar.

Merittar endre

Kjelder endre