Ingvild Vaggen Malvik

norsk politikar

Ingvild Vaggen Malvik (fødd 3. april 1971) er ein norsk politiker. Ho vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti i 2001 og ho var vararepresentant i perioden 2005–2007. Også då møtte ho fast, sidan Øystein Djupedal var medlem av regjeringa.

Ingvild Vaggen Malvik
Fødd3. april 1971 (53 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti (2000; 2010)
Yrkepolitikar, statsvitar
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alle verv

Ingvild Vaggen Malvik vart fødd i Trondheim, som dotter til sjukepleiar Aasa Vaggen (f. 1930) og dreiar Henry Normann Malvik (f. 1933). Ho utdanna seg sidan til cand.polit. i statsvitskap frå NTNU (2000), og har arbeidd som utreiar for Framtiden i våre hender, vitskapeleg assistent og forskar ved NTNU.

Ho var varamedlem av Malvik kommunestyre 1991-1995 (møtte fast 1994-95) for Arbeidarpartiet og medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1995-1999. Ho var leiar av Sør-Trøndelag AUF 1991-1993 og styreleiar i Framtiden i våre hender 1998-01.

Ingvild Vaggen Malvik arbeider som seniorrådgivar i NVE.

Stortingets presidentskap endre

Stortingskomitéar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre