Irina Anatoljevna Privalova, fødd Sergejeva, (fødd 22. november 1968) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Malakhovka, som tevla på sprintdistansane og i hekkeløp. Ho vart olympisk meister i 400 meter hekk i 2000, og vann EM-gull både på 100 m og 200 m i 1994, samt på 200 m i 1998. Dessutan vann ho VM-gull i 4 x 100 m stafett med Russland i 1993. I tida 1991-2000 sikra ho seg femten medaljar i dei store meisterskapane på bane. Privalova sine personbeste tider er 10,77 sekundar på 100 m, 21,87 på 200 m, 49,89 på 400 m og 53,02 i 400 m hekk.

Irina Privalova


Statsborgarskap Russland
Fødd 22. november 1968 (55 år)
Malakhovka
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Æresordenen, Ordenen folkenes vennskap

Aktiv endre

Privalova var ein av dei beste sprintarane i verda i sesongane 1991-95 og i Europa fram til 1998. Ho tok bronsemedaljen på 100 meter under Sommar-OL 1992 på tida 10,84, to hundredels sekund bak vinnaren Gail Devers, og eitt hundredels sekund bak jamaicanske Juliet Cuthbert på sølvplass. Våren etter sette ho i Madrid verdsrekord på 60 meter innandørs med 6,92 sekundar, ei verdsrekord som gjeld framleis.

Ved friidretts-VM 1993 vart Privalova nummer tre på 200 m og fire på 100 m, motsett av hennar plasseringar i OL 1992. Den 22. august sprang ho så sisteetappane for Russland i både den korte og den lange stafetten. I 4 x 100 m stafett passerte ho målstreken på same tid som USA si ankerkvinne, 41,49 sekundar, men vart dømd fyrst i mål og vann dermed gull saman med Olga Bogoslovskaja, Galina Maltsjugina og Natalja Pomosjtsjnikova. Like etterpå tok ho Russland inn til sølv i 4 x 400 m stafett. Dermed kunne ho reise heim frå Stuttgart-VM med ein fyrsteplass, ein andreplass, ein tredjeplass og ein fjerdeplass.

Den 6. juli 1994 gjorde Privalova unna sitt livs snøggaste 100 m då ho i Lausanne fekk notert 10,77 sekundar i 0,9 sekundmeter medvind. Såleis var det inga overrasking at ho vann både 100 m og 200 m då EM 1994 fann stad i Helsinki. To veker før VM 1995 sette Privalova personleg rekord med 21,87 sekundar i eit stemne i Monaco. I verdsmeisterskapen fekk ho og Merlene Ottey same tid på 200 m, den til dess «evige toar» Ottey vart tilkjend gullmedaljen. På 100-meteren kom Privalova på bronseplass.

Under friidretts-EM 1998 i Budapest sprang Privalova 100 m på sterke 10,83, men måtte sjå seg klart slått av franske Christine Arron som sette europarekord med 10,73 sekundar. Derimot vann Privalova på 200 m sitt tredje EM-gull, før ho tok Russland inn til bronse i 4 x 100 m stafett.

Etter ho runda 30 år satsa Privalova mest på 400 meter hekk. Under dei olympiske leikane 2000 i Sydney hadde ho fullklaff i finalen og vart olympisk meister med ny personleg rekord 53,02 sekundar, eitt sekund under den førre, og klart framom favorittane Deon Hemmings, Nezha Bidouane og Daimí Pernía på dei neste plassane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1990 i Split: Nr 6 på 100 m – 11,40
  • VM 1991 i Tokyo: Nr 4 på 100 m – 11,16 og 200 m – 22,28, sølv i 4 x 400 m stafett
  • OL 1992 i Barcelona: Bronse på 100 m – 10,84, nr 4 på 200 m – 22,19, og sølv i 4 x 100 m stafett
  • VM 1993 i Stuttgart: Bronse på 200 m – 22,23, nr 4 på 100 m – 10,96, sølv 4 x 400 m stafett, gull 4 x 100 m stafett
  • EM 1994 i Helsinki: Gullmedaljar på 100 m – 11,02 og 200 m – 22,32, sølv 4 x 100 m stafett
  • VM 1995 i Göteborg: Sølv på 200 m – 22,12, bak Merlene Ottey (22,12), bronse på 100 m – 10,96
  • OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane på 100 m (11,31 =nr 14) og 200 m (=nr 16)
  • EM 1998 i Budapest: Gull på 200 m – 22,62, sølv på 100 m – 10,83, bronse 4 x 100 m stafett
  • VM 1999 i Sevilla: Starta ikkje kvartfinalen
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 400 m hekk – 53,02, framom Deon Hemmings (53,45)

Kjelder endre