Jacob Jenssøn Nordmand

Jacob Jenssøn Nordmand (kring 16141695) var ein norsk kunstdreiar og rustmeister som i eit par tiår arbeidde ved hoffet i København. Han er mest kjend for sine framifrå skipsmodellar i elfenbein og for ein interessant sjølvbiografi.[1]

Jacob Jenssøn Nordmand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1614
Død

15. september 1695 (81 år)
Smørum

Yrke kunstnar, rustmester, tredreiar

Norskfødde Jacob Jenssøn, truleg fødd i Båhuslen, deltok i kong Kristian IV sitt sjøslag på Elben i 1630.[1] Deretter gjekk han tre år i smedlære i Holland og var eitt år lanseberande fotsoldat i Flandern.[1] Så verva han seg til geværsoldat for Det Vestindiske Kompani og var fem år i Brasil.[1] Frå 1639 budde han i Christiania.[1]

Under Hannibalfeiden 1644–45 steig Jacob i gradene til rustmeister på Akershus festning.[1] Etter at kong Fredrik III vart hylla i Christiania i 1648 tok kongen han med til Danmark.[1] Her hadde han ulike stillingar ved Rosenborg slott og Frederiksborg slott.[1] I 1657 vart han rustmeister ved Tøjhuset i København.[1] Året etter gav kongen Niels Juel ordre om å la Jacob og ein annen få overta skipet «Højenhald».[1] Seinare fekk han hus på Slottsholmen i København, og i 1662 ein gard i Smørum.[1]

Modell av fregatten «Norske Løve» i elfenbein og sølv ved Rosenborg slot i København.

Jacob utmerkte seg særleg som kunstdreiar, og fekk i 1651 tildelt tre elefantstøyttenner.[1] Etter to ås arbeid stod ein 85 cm høg og elegant modell av «Fregatten Norske Løve» i 1654 ferdig, med fulle segl og stor akter-kahytt.[1] Han dreia også beger, kanner og andre små gjenstandar i tre, sølv, rav, perlemor og narkvalstenner til kongefamilien.[1] Men han fekk ikkje det ærefulle oppdraget å lage tronstolen i narkvals-tann og elfenbein til den i 1662 eineveldige monarken.

Nordmand skreiv ein sjølvbiografi tileigna Frederik III som han gav kongen i nyttårsgåve i 1670. Kongen ville få biografien omsett til tysk så også dronninga kunne lesa han. Boka gjev elles eit godt bilete av tida og nokre av opplevingane til Nordmand.[1]

Under Kristian V mangla Jakob kongens gunst. Han vart kalla Jacob Schæffer og enda opp i tronge kår.[1]

Nordmand var gift to gonger, fyrste gong med ei kvinne ein ikkje kjenner namnet på som døydde i 1676 og andre gong i 1678 med Maren Pedersdatter Vallund (ca. 1653-1697).[2] Både han og konene hans er gravlagde i Smørum.

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 Paulsen, Åshild (29. juni 2022). «Jacob Nordmand». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «Jacob Jensen Nordmand | lex.dk», Dansk Biografisk Leksikon (på dansk), 18. juli 2011, henta 2. juni 2023 

Bakgrunnsstoff endre