Jan Baalsrud

norsk motstandsmann

Jan Baalsrud (fødd 13. desember 1917 i Christiania, daud 30. desember 1988 i Kongsvinger) var ein norsk instrumentmakar og motstandsmann under andre verdskrigen. Han var fenrik i Kompani Linge.

Jan Baalsrud

Fødd13. desember 1917
FødestadChristiania
Død30. desember 1988
DødsstadKongsvinger kommune
Truskap Noreg
Tenestetid19401944
RangFenrik
EiningKompani Linge
Konfliktarandre verdskrigen
UtmerkingarFlagget til Noreg St. Olavsmedaljen med eikegrein
Det britiske flagget Order of the British Empire

Biografi endre

Baalsrud tok svennebrev som geodetisk instrumentmakar i 1939. Under den tyske invasjonen av Noreg i april 1940 deltok han som sersjant i kampane i Østfold. Han var med dei norske styrkane som trekte seg tilbake over grensa til Sverige, og vart internert i Filipstad.

Baalsrud vart verande i Sverige som norsk flyktning etter at dei internerte nordmennene fekk venda attende til det okkuperte Noreg sommaren 1940. Han vart kurér mellom Noreg og Sverige for den britiske legasjonen i Stockholm. Hausten 1940 vart han arrestert av svensk politi og dømd til fengsel for spionasje. I 1941 vart han utvist frå Sverige, og tok seg via Sovjetunionen, Afrika og USA til England, der han vart innrullert i kompani Linge.

Baalsrud er mest kjend for si dramatiske flukt frå Rebbenesøya i Karlsøy kommune (dåverande Helgøy kommune) til Sverige våren 1943, etter eit mislukka landingsforsøk med fiskeskøyta MK «Bratholm I» som hadde kome frå Shetland (Operasjon Martin Red). Rebbenesøya ligg ved Ringvassøy nord for Tromsø. Oppdraget var å organisera sabotasjegrupper langs kysten. I tillegg hadde dei med sabotasjeutstyr som skulle brukast til å øydeleggja forlegninga til tyskarane på Bardufoss. Medan båten den 29. mars 1943 låg i Toftefjord på nordaustsida av Rebbenesøya vart gruppa om bord angjeven av ein handelsmann og deretter overraska av ein tysk patruljebåt som vart send til staden. Linge-karane gjekk i lettbåten og sprengte «Brattholm». Under sprenginga sokk lettbåten, og dei som var om bord måtte symja til lands. Ein mann vart drepen i trefninga, og ein vart såra og døydde på veg til Tromsø. Ein annan døydde seinare på St. Elisabeth hospital i Tromsø etter skadar han fekk ved tortur. Dei åtte andre vart tekne med til Tromsø der dei vart forhøyrde og torturerte av tyskarane før dei vart skotne på Grønnåsen skytebane 2. april 1943. Baalsrud var den einaste som kom seg unna, barbeint og såra.

Baalsrud overlevde takka vera utalde hjelparar undervegs som pleide han og frakta han vidare stykke for stykke mot fridomen. Han pådrog seg alvorlege frostskadar i føtene undervegs, og måtte blant anna dragast i pulk gjennom bratt fjellterreng i Manndalen i Kåfjord. Etter over to månader på flukt og i skjul for okkupasjonsmakta kom han seg inn i Sverige 1. juni 1943. På grunn av skadane han pådrog seg, vart han delvis invalidisert og kom aldri igjen i aktiv teneste.

Flukta er skildra i boka Ni liv av David Armine Howarth og i ein filmatisering av Arne Skouen. Temaet er òg handsama i teaterstykket Over grensen av Bjarne Hobberstad Johnsen.

Etter krigen arbeidde Baalsrud som instrumentmakar. Han vart formann i Krigsinvalideforbundet, og vart for innsatsen sin utnemns til æresmedlem av forbundet i 1964. Han døydde 30. desember 1988 på Bæreia Krigsinvalidehjem i Kongsvinger. Etter eige ønske er han gravlagd i Manndalen.

Prisar og utmerkingar endre

Baalsrud vart tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein,[1] Deltakarmedaljen og Haakon VIIs 70 års medalje, og dessutan gjort til æresmedlem av Order of the British Empire (MBE).[2]

Ettermæle endre

Baalsrudmarsjen følgjer kvart år dem 200 kilometer lange fluktruta til Jan Baalsrud i løpet av ei veke. I 2008 opna Jan Baalsruds plass i Kolbotn sentrum. Fleire bøker, filmar og TV-seriar har dramatisert opplevingane til Baalsrud under andre verdskrigen. Mest kjend er den oscarnominerte filmatiseringa Ni liv frå 1957 av Arne Skouen med Jack Fjeldstad som Baalsrud. I 2017 regisserte Harald Zwart filmen Den 12. mann med Thomas Gullestad i hovudrolla som Baalsrud.[3] NRK laga dokumentaren I Jan Baalsruds fortspor i 2017, der spesialsoldatane Ronny Bratli og Rune Gjeldnes forsøkte å følgja fluktruta til Baalsrud gjennom Nord-Troms.[4]

Kjelder endre

  1. Berit Nøkleby: «Jan Baalsrud», nbl.snl.no, besøkt 1. mars 2014.
  2. Trude Ringheim: «- Åtte eller ni tær forandrer ikke historien», VG-nett, 5. januar 2013.
  3. nrk.no Han skal spele Jan Baalsrud 22.02.2016
  4. nrk.no I Jan Baalsruds fotspor Henta 28. desember 2017

Litteratur endre

  • David Howarth: We Die Alone, 1955
  • Tore Haug og Astrid Karlsen Scott: Jan Baalsrud og de som reddet ham, Gyldendal, 2001
  • Erling Jensen, Per Ratvik, Ragnar Ulstein: Kompani Linge, bind II, Gyldendal, 1948

Bakgrunnsstoff endre