Jan Olav Olsen

norsk politikar

Jan Olav Olsen (fødd 29. september 1950 i Arendal i Aust-Agder) er ein norsk politikar for Høgre. Olsen var ordførar i Gjerstad for Høgre i to periodar frå 1991–1999. Kjell Arild Haugen frå Senterpartiet var varaordfører.

Jan Olav Olsen
Fødd29. september 1950 (73 år)
Arendal
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Olsen vart innvald på Stortinget frå Aust-Agder i 2001. Etter fire år på Stortinget gjekk Olsen tilbake til det opphavlege yrket sitt som rektor på Sunde ungdomsskule i Gjerstad kommune.

Olsen har vore leiar for Agder og Telemark bispedømmeråd frå 2009, og har vore medlem i Kyrkjerådet etter valet i 2011. Ved vala i 2009 og 2011 var Olsen ein av kandidatane som vart direktevalgt.

Stortingskomitéar endre

  • 2001–2005 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen.
  • 2001–2005 varamedlem av Valkomitéen.

Kjelder endre