Janne Tuven (fødd 25. oktober 1975) er ein norsk tidlegare handballspelar. Den venstrehendte vekselvis rykkrom- og kantspelaren vart europameister 1998, og vann elles to VM-sølv og like mange EM-sølv i tida 1996-2002.

Janne Tuven
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. oktober 1975 (48 år)
Noreg
Yrke handballspelar

Karriere endre

Klubbspel endre

Tuven spelte i unge år på Vestby HK, før ho melde overgang til Nordstrand IF i Oslo. Sidan var ho aktiv i Stabæk IF og deretter på danske Ikast.

Landslagsspel endre

Tuven debuterte på det norske landslaget 3. november 1994 mot USA. I tida frå 1996 til 2002 deltok ho i tre EM-turneringar og to verdsmeisterskap, og vann ein gullmedalje og fire sølvmedaljar. Det tok til med sølv i handball-EM 1996, heldt fram med VM-sølv i 1997, før ho vann gull under EM 1998, i alle desse tre finalane var Danmark finalemotstandar. Etter å ha sett tre meisterskapsturneringar frå sidelinja, fekk Tuven VM-sølv nummer to i 2001 og EM-sølv nummer to i 2002. I EM-finalen 2002 skåra ho fire av dei norske finalemåla. Den 23.september 2003 deltok ho mot Kroatia i sin 108. landskamp, etter 268 landslagsmål var det slutt med flagget på brystet.

Merittar endre

Kjelder endre