Jarmila Kratochvílová

Jarmila Kratochvílová (fødd 26. januar 1951) er ein tsjekkisk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Tsjekkoslovakia. Ho vart verdsmeister både på 400 m og 800 m i 1983. Kratochvílová sin verdsrekord på 800 meter frå 1983 er framleis gjeldande i 2017.

Jarmila Kratochvílová


Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 26. januar 1951 (73 år)
Golčův Jeníkov
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Utmerkingar

Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, Senatets minnemedalje i sølv, Kamenná medaile Kraje Vysočina

Aktiv endre

Kratochvílová utmerkte seg ikkje som toppløpar før ho var 28 år gammal. Dei neste åra presterte ho på eit heilt anna nivå enn tidlegare. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva tok ho sølvmedaljen på på 400 m på sterke 49,46, to år etter at ho fyrste gongen sprang under 53 sekundar på distansen. Den 6. juli 1981 sette ho i Bratislava nasjonale rekordar på både 100 m og 200 m med høvesvis 11,09 og 21,97 sekundar, fenomenale tider for ein utøvar som ikkje var spesialist på distansane. To år etter OL i Moskva tok ho ein ny sølvmedalje på 400 m då ho under europameisterskapen sette personleg rekord på 48,85, nett som i Moskva måtte ho sjå seg slått av austtyske Marita Koch.

Den 26. juli 1983 vann Kratochvílová 800 meter under eit stemne i München. Tida 1.53,28 var ny verdsrekord og er i 2017 framleis gjeldande. Fjorten dagar seinare sikra ho seg VM-gullet på distansen då ho vart klokka inn på 1.54,68 i Helsinki, nær halvtanna sekund framom sølvvinnaren og nesten tre sekund føre bronsemedaljøren i tevlinga. Dagen etter, 10. august 1983. smelte ho til med ny verdsrekord på 400 m med tida 47,99 sekundar, landskvinna Taťána Kocembová tok sølvet på 48,59, begge gjorde sitt livs løp på distansen. 400-meterrekorden vart ståande i vel to år, til dess Marita Koch presterte 47,60, også det ein verdsrekord som i 2017 har vart i over tretti år.

Mistankar om at Kratochvílová var dopa har aldri ville lagt seg, men ingen prov har vorte lagt fram.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1978 i Praha: Utslått i semifinalane (53,93 =nr 14)
  • OL 1980 i Moskva: Sølv på 400 m – 49,46, bakom Marita Koch (48,88)
  • EM 1982 i Aten: Sølv på 400 m – 48,85, bakom Marita Koch (48,16) og i 4 x 400 m stafett
  • VM 1983 i Helsinki: Gull på 400 m – 47,99, og 800 m – 1.54,68
  • VM 1987 i Roma: Nr 5 på 800 m – 1.57,81

Kjelder endre