Johan Peter Lunde (25. desember 186612. februar 1938) var ein norsk teolog som var biskop i Oslo frå 1922 til 1937. Grunna sitt sterke engasjement for søndagsskulen og den religiøse opplæringa av born, fekk han tilnamnet barnebispen. På morssida var han etterkomar av prestane Claus Pavels og Johan Nordahl Brun.

Johan Lunde

Fødd25. desember 1866
Lillehammer kommune
Død12. februar 1938
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest
Alma materUniversitetet i Oslo

Liv og gjerning endre

Lærarsonen Lunde voks opp på Lillehammer. Etter eksamen artium 1883 studerte han ei tid filologi ved universitetet i Kristiania, før han byrja studere teologi. Han vart cand.theol. 1890 og arbeidde så der etter som lærar til 1897. Sidan var han kapellan i Kristiansand stift til han i 1900 tok over som sokneprest i Bygland. I Setesdal møtte han ei sjølvbyrg lekmannsrørsle som han stilte seg på linje med.

Tida 1906 til 1920 var Lunde tilsett ved St. Johannes-kyrkja i Stavanger, frå 1910 som sokneprest. Her engasjerte han seg sterkt i ytre og indre misjon og sosialt arbeid. Særleg utmerkte han seg i arbeidet for søndagsskulen. Han var også medlem i bystyret og ei tid skulestyre-formann i byen. I 1920 flytta han til Kristiania og var sokneprest for Gamlebyen.

Lunde hadde tidlegare markert seg som ein motstandar av bibelkritikk og liberal teologi. Saman med hans engasjement for søndagsskulen og for alt misjonsarbeid, vart han såleis rekna for å vere ein aktør på den konservative sida i den teologiske striden mellom liberal og konservativ kristendom. Sterke kyrkjemenn fremja kandidaturet hans, før han vart vald til biskop for Oslo i 1922. I si gjerning som biskop la Lunde vekt på praktisk arbeid. Kristendomen var for han liketil, om alle fann fram til den kristne trua ville konfliktane i samfunnet og i tankelivet vere nærare ei løysing.

Kjelder endre