Johan Opsahl

norsk politikar

Johan Opsahl (12. august 186618. februar 1933) var ein norsk gardbrukar, skogeigar og næringsdrivar frå Nes i Akershus. Han var stortingsrepresentant for partiet Høgre i tida 1910-12.

Johan Opsahl
Fødd12. august 1866
Død18. februar 1933 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
Alle verv

Opsahl utdanna seg ved landbrukshøgskulen på Ås. Han tok i 1898 over farsgarden Opsal. I tillegg til gardsdrift med skogbruk, dreiv han også tømmerhandel, sagbruk, mylne, frørenseri og torvstrøfabrikk. Ei tid var han styreformann for Funnefoss tresliperi.

Perioden 1907-10 hadde Opsahl sete i formannskapet i Nes. Hausten 1909 vart han vald til å representere einmannskrinsen Øvre RomerikeStortinget 1910-12. På Tinget hadde han sete i Lagtinget og han var medlem av Jarnbanekomiteen. Han ivra for å få ein aust/vest-jarnbane mellom Kongsvinger og Gjøvik, men tida var over for dei store jarnbanestrekka på det sentrale Austlandet. Opsahl var i 1910 permittert 8.–20. juni og i 1911 frå 20. juni til 24. juli.

Kjelder endre