Johan Selmer
norsk komponist
Johan Selmer (20. januar 1844–21. juli 1910) var ein norsk romantisk komponist. Han komponerte orkesterverk, korverk, songar og pianostykke.
Biografi endre
Johan Selmer vart fødd i Christiania (Oslo). Han reiste til Paris for å studere musikk, og vart fengsla av musikken til Hector Berlioz. I Paris blei han til 1870, så reiste han heim til Christiania, men fór snart ut igjen, no til Leipzig. I 1873 var han i Italia.
Frå 1879 budde Selemer i Christiania, og vart løyvd kunstnarløn av Stortinget. Han leidde ein stund Musikkforeningen.
Musikk endre
Johan Selmer skreiv storslagen orkestermusikk med fargerik instrumentering i tradisjonen til Liszt og Berlioz, såkalla symfoniske dikt.
Verkliste endre
Orkesterverk endre
- «Scène funèbre»
- «Nordischer Festzug»
- «Finnländische Festklänge»
- «In den Bergen»
- «Karneval in Flandern»
- «Prometheus»
Vokalverk med orkester endre
- «La captive»
- «Zug der Türken gegen Athen»
- «Hilsen til Nidaros»
Songar endre
- «Tollekniven»
Kor endre
- «Norge, Norge»
- «Ulabrand»
Diskografi endre
- Simax PSC 1233: Oslo Filharmoniske Orkester: Johan Selmer: Karneval i Flandern op. 32, Prometheus op. 50
Kjelder endre
Litteratur endre
- Lind, Sverre: «Johan Selmer som komponist med særlig henblikk på instrumentalmusikken.» Oslo, 1950. 115 s. Utrykt magistergradsavhandling, Universitetet i Oslo
- Merkel, Paul: «Der norwegische Komponist Johan Selmer: Ein Lebensbild.» Leipzig: Siegel, 1904. 20 s.
- Musikkens verden 1951Denne musikkartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.