Johannes Østtveit

norsk politikar

Johannes Østtveit (18. januar 19279. juli 2013) var ein veterinær og stortingsrepresentant frå Sauherad. Han representerte Telemark og Kristeleg Folkeparti på Tinget frå 1965 til -73.

Johannes Østtveit
Fødd18. januar 1927
Død9. juli 2013 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, veterinær
Utdanna vedVeterinærhøgskulen
Alle verv

Foreldra til Østtveit var skulefolk på Gvarv i Sauherad. Sjølv gjekk han åra 1943-46 på Skien høyere allmennskole. Deretter vart det fem års studiar ved Noregs veterinærhøgskule i Oslo. Ferdig utdanna veterinær i 1951, gjekk han så inn i vitskapleg assistent-stilling ved veterinærhøgskulen. 1954-55 arbeidde han som veterinær i Vang i Hedmark. Dei to neste åra fram til 1957 var han seminveterinær i Gamleby i Sverige. Frå 1957 til 1965 praktiserte han veterinær-yrket i Bø i Telemark.

Østtveit var medlem av kommunestyret i Bø frå 1960 til 1975. I denne perioden leia han fleire kommunale nemnder og råd. Hausten 1965 vart han vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti. På Tinget fekk han plass i Administrasjonskomiteen. Etter å ha vorte attvald i 1969 var han dei neste fire åra medlem av Sosialkomiteen.

Han var sterkt engasjert i arbeidet for kristne i Aust-Europa gjennom organisasjonen Misjon bak Jernteppet. Om denne aktiviteten skreiv han Kirkeklokker i natten - vennskap gjennom jernteppet, som kom ut på Lunde Forlag i 1998.

Kjelder endre