John S. Tveit

norsk politikar

John S. Tveit (fødd 18. desember 1931) er ein norsk kontormann og politikar frå Tysvær. Han representerte Rogaland og Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1985–93. Åra 1980-83 var han fylkesordførar i Rogaland.

John S. Tveit
Fødd18. desember 1931
Tysvær kommune
Død6. september 2022 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, rådgjevar, Kontorfunksjonær
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1985–1989)
  • fylkesordførar i Rogaland (1980–1983)
  • vararepresentant til Stortinget (1969–1973)
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977)
  • vararepresentant til Stortinget (1977–1981)
  • stortingsrepresentant (1989–1993) Sjå dette på Wikidata

Far til Tveit var gardbrukar og bygningsmann. Sjølv gjekk han handelsskule og arbeidde på kontor og i butikk ved Haugesund Mek Verksted A/S og Bro-Magasinet A/S, begge firma heimehøyrande i Haugesund, fram til 1954. Frå 1955 til 1973 dreiv han si eiga forretning, Tysvær Handel A/S, i heimbygda. Ved den tid engasjerte han seg i lokalpolitikken og var medlem av kommunestyret i Tysvær 1960-64 og 1968-75, dei siste 8 åra som ordførar. Etter han avvikla handelsforretninga, var Tveit i tida 1974-79 tilsett på formannskapskontoret i Tysvær kommune. Samstundes representerte han Kristeleg Folkeparti på fylkestinget i Rogaland frå 1976 til -83. Fireårsperioden 1976-79 var fylkes-skulestyreformann, 1980-83 var han fylkesordførar i Rogaland. I 1984-85 hadde han atter jobb i Tysvær kommune, då som tiltakskonsulent.

Tveit var varamann til Stortinget i fleire valperiodar, og møtte bolkevis. Hausten 1985 fekk han fast stortingsplass frå Rogaland, attvald i 1989. Dei fyrste fire åra var han leiar i Kommunal- og miljøvernkomiteen, dei siste fire, 1989-93 leiar i Samferdslekomiteen. I 1985 vart han vald til 2. nestleiar i Kristeleg Folkeparti sitt sentralstyre, eit verv han hadde i to år.

Etter han forlet Stortinget, var Tveit næringssjef i Tysvær kommune fram til 1997.

Kjelder endre