Julio Rey de Paz (fødd 13. januar 1972) er ein spansk tidlegare langdistaneløpar frå Toledo. Han vann VM-sølv i maraton i 2003 og EM-bronse på same distansen både i 2002 og 2006.

Julio Rey
Statsborgarskap Spania
Fødd 13. januar 1972 (52 år)
Toledo i Spania
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Rey kom på åttandeplassen 10 000 meter under verdsmeisterskapen i friidrett 1997 i Aten. Året etter sette han personleg rekord på distansen med 27.47,3, og på 5000 meter med 13.22,1.

Etter å ha vore stengd ute frå tevling i to år deltok Rey i Hamburg maraton 2001, der han overraska og vann løpet på den sterke tida 2.07.46. Seinare kom han tilbake til Hambur og sigra i det årlege maratonløpet både i 2003, 2005 og 2006. Sigeren i 2006 kom etter 2.06.52, hans livs fortaste maratonløp og spansk rekordtid.

Rey vann bronsemedaljen i maraton ved europameisterskapen 2002 i München, berre tre sekundar bakom sølvmedaljøren Pavel Loskutov frå Estland, men over minuttet etter europameisteren Janne Holmen frå Finland. Enno betre gjekk det for Rey under verdsmeisterskapen 2003 i Paris. Gjennom gatene i den franske hovudstaden heldt han fylgje med vinnaren, marokkanaren Jaouad Gharib, heilt inn mot stadion, i mål skilde det sju sekundar mellom dei to maratonløparane. I 2006 kopierte Rey plasseringa frå den forrige europameisterskapen og tok maraton-bronsen i Göteborg.

Doping endre

Rey vart ved Rotterdam maraton 1999 hekta for bruk av dopingmiddelet mesterolon og stengd ute frå idretten i 2 år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre