Kanne er eit ilåt ein kan skjenka med, og eit gammalt norsk holmål.

Kanne med tut, hank og bein frå det kinesiske zhou-dynastiet (1000-200-talet f.Kr.).
Japansk tekanne med tut og hank på sida.

Mål endre

Holmålet kanne kan ha ulik storleik:

  • For smør, tran og øl er ei kanne brukt om mål som svarte til ein bolle, det vil seie omkring 2,7 liter — til dømes seier kjelder frå Sunnfjord på 1500-talet at ei tønne tran tok 45 kanner, og ei kanne tok 12 merker, og i Nord-Noreg var ei kanne smør (12–16 merker) vanleg utrusting til lofotfisket. Denne måleininga kan også kallast «bondekanne».
  • 1 kanne brennevin var rekna rundt 2 liter; 1 kanne vin var lik to potter, etter dagens mål nøyaktigare utrekna til 1,93 liter.

Ilåt endre

Skjenkekanner eller mugger kan brukast til ulike væsker. Dei har som regel ein tut til å skjenka av og hank til å bera og halda i. Mange kanner har også lok. Kanner av ulike utformingar kan brukast til drikke, som øl, te og kaffi. Det finst kanner med særskilde eigenskapar: Ei termokanne eller tv-kanne er ei kanne med termoseigenskapar. Ei trakte- eller trektekanne er del av ein kaffitraktar.

Kanner kan også brukast til andre væsker, som bensin- eller jerrykanne til bensin og vasskanne til å frakta vatn og vatna med.

Kjelder endre