Kari Svendsen (fødd 5. september 1950 i Oslo), ofte omtalt som «Banjo-Kari», er ein norsk artist, visesongar, gitarist og banjospelar.

Kari Svendsen

Kari Svendsen i 2016
Foto: Tore Sætre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. september 1950 (73 år)
Oslo
Yrke skodespelar, visesanger, banjospelar, gitarist, plateartist
Medlem av På stengrunn, Gatesangerne
Ektefelle Lillebjørn Nilsen

Kari Svendsen starta den musikalske karrieren sin i 1966. Ho vart først kjent som medlem av gruppa Christiania Fusel & Blaagress, men opptredde frå 1970-talet som soloartist og etter kvart i fleire revyar. Ho er kjent for å halda dei norske revyvisene i hevd, særleg dei av det munnrappe slaga. Ho går Arvid Nilssens snøggleik ein høg gong i versjonen sin av «Bare døtt på!», Finn Bøe og Bias Bernhoft si vise om ein trikkekonduktør. Ho fekk Gammleng-prisen i klassa vise i 1994. Gammleng-prisen fekk ho på ny i 2021. Ho spelte rolla som ein jovial vaktmester i ungdomsserien Borgen skoleNRK TV.

Kari Svendsen var tidlegare gift med artisten Lillebjørn Nilsen. I 2011 vart ho tildelt St. Hallvard-medaljen for den eineståande posisjonen sin som visesongar i Oslo.

Diskografi endre

Soloalbum endre

  • 1973: På stengrunn
  • 1978: Kari Svendsen (album) (solo)
  • 1982: Solskinn og sang
  • 1991: Kari går til filmen
singlar
  • Grannie / Nightingale (1967), med The Young Norwegians
  • S.O.S. Filipstad (1993)

Gatesangerne endre

  • Gatesangerne (1994)
  • Oslo-viser (2000)

Christiania Fusel & Blaagress endre

  • Mamma vi'kke ha/Det kjem nok betre tider (1968)

Andre deltakingar endre

  • The Young Norwegians: Things On Our Mind (1967)
  • Øystein Sunde: 1001 fnatt (1970)
  • Lillebjørn Nilsen: Tilbake (1971)
  • Convivium: Convivium (1971)
  • Diverse: Viser i trengsel (1972)
  • Knutsen & Ludvigsen: Brunost no igjæn? (1972)
  • Diverse: Norsk på topp 3 (1974)
  • Lillebjørn Nilsen: ...og Fia hadde sko (1974)
  • Lillebjørn Nilsen: Byen med det store hjertet (1976)
  • Lillebjørn Nilsen: Hei fara! Norske folkeviser (1976)
  • Vandrerne: Vandrerne (1979)
  • Diverse: Kvinnekulturfestivalen '79. Kalvøyakonserten (1979)
  • Trygve Hoff: Fokti (1980)
  • Aage Samuelsen: Hva kan vel jeg for det? (1982)
  • Brødrene Dal: Spektralplate (1982)
  • Lillian Askeland & Ottar Johansen: Rett fra hjertet (1982)
  • 3 Busserulls: Oljefeber (1983)
  • Diverse: Viser i vinden (1984)
  • Steinar Ofsdal: Hat Trick (1984)
  • Diverse: Viser i vinden: Nordens beste artister (1987)
  • Gustav Lorentzen: 1. klasse (1992)
  • Trygve Hoff: Lån mæ no'n tima (1993)
  • Lillebjørn Nilsen: Haba Haba (1995)
  • Dusty Cowshit: Østenfor Soon, Western for Råde (1996)
  • Diverse: Knut Gribb – En vals med "Den grønne redsel" – og 2 andre hørespill (2003)
  • Diverse: En annen dans (2004)
  • Diverse: Norsk visesang i 50 år (2008)
  • Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe: To Stemmer – 14 Akustiske Sanger & Konsertfilm (2008)
  • John Ivar Bye: Intakt (2009)
  • Diverse: Norske ballader (2010)
  • Revolver: Milevis (2013)

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Kari Svendsen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2016. Artikkelen oppgav desse kjeldene:
    • «Svendsen, Kari» i Norsk pop- og rockleksikon, 2005.