Karl J. Brommeland

norsk politikar

Karl Johan Roland Brommeland (13. januar 191319. juni 1999) var ein forretningsmann og politikar frå Haugesund som representerte Kristelig Folkeparti. Han var frå 1958 til 1973 stortingsrepresentant frå Rogaland. I perioden 1965 til 1969 var han medlem av presidentskapet.

Karl J. Brommeland
Fødd13. januar 1913
Haugesund kommune
Død19. juni 1999 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Brommeland var son til ein skipper og skipsreiar. Han arbeidde 1929-31 på eit reiarkontor og var så sjømann dei neste to åra. Skuleåret 1933/34 gjekk han handelsskule og arbeidde eit års tid på kontor att. I 1935 gjekk han inn som medeigar i ei radioforretning, og var med å drive denne til 1979.

Frå 1947 til -58 var Brommeland medlem av formannskapet i Haugesund. Hausten 1957 vart han vald til stortingsrepresentant frå Rogaland og for Kristeleg Folkeparti, og vart sidan attvald for fire nye år i 1961, 1965 og 1969. På Stortinget var han medlem i Protokollkomiteen til 1961. Han flytta då over til Sjøfarts- og fiskerikomiteen og vart der verande resten av si stortingstid, frå 1965 i eigenskap av sekretær i komiteen. Sesjonen 1972/73 var han også sekretær i Lagtinget.

Brommeland var også engasjert i organisasjonslivet. Han var såleis med å stifte Haugesund Svømmeklubb, og var laget sin fyrste formann i tida 1934-39. Sidan var han formann i Haugesund KFUM 1943-47, Haugesund menighetsråd 1947-53 og i Norske Radio/TV-handleres Landsforbund 1960-67. Frå 1972 til -84 var han styreformann for Statens fiskarbank si avdeling i Bergen.

Kjelder endre

Stortingsbiografi