Karoline Næss (fødd 24. juli 1987) er ein norsk handballspelar frå Oslo. Ho speler no venstreback for Stabæk Håndball, men ho har tidlegare spelt for ulike klubbar i Oslo.

Karoline Næss
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1987 (36 år)
Oslo
Idrett handball

Våren 2011 debuterte Karoline Næss for det norske kvinnelandslaget i handball med to kampar mot Russland. Ho skåra to mål i kvar kamp. I tillegg har ho spelt sju landskampar for ulike ungdomslandslag.

Under sommar-OL 2012 i London vart ho vald ut som reserve for det norske kvinnelandslaget.[1] Ho var med på heile oppkøyringa til OL og deltok også nokre dagar i London under OL grunna skadar i troppen.[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre