Kerrang! er ei britisk nettside og kvartalsvis tidsskrift som primært dekkjer rock, pønkrock og heavy metal. Sidan 2017 har magasinet vorte gitt ut av Wasted Talent Ltd (det same selskapet som eig den elektroniske musikkpublikasjonen Mixmag').[1] Bladet fekk namnet onomatopoetisk etter lyden av ein «gitar som blir slått med kraft».[2]

Kerrang! vart første gong publisert 6. juni 1981 som ein «Heavy Metal Special» frå den no nedlagde avisa Sounds. På grunn av populariteten til utgivinga vart bladet ein månadleg publikasjon, før det gjekk over til å bli kvar veke i 1987. I byrjinga vart det vigd til den nye bølgja av britisk heavy metal og framveksten av hardrock-band,[3] Det musikalske tyngdepunktet til Kerrang! har endra seg fleire gonger, med fokus på grunge, no metal, post-hardcore, emo og andre sjangrar innan alternativ rock og heavy metal i løpet av den førti år lange utgivingshistoria til bladet. I 2001 vart det det mest selde britiske musikkvekebladet, og gjekk forbi NME.

Etter å ha gitt ut totalt 1818 utgåver la Kerrang! ned utgivinga av vekemagasinet i mars 2020 i samband med covid-19-pandemien, men heldt fram som ein nettpublikasjon med digitale «cover stories». I desember 2021 vart den trykte utgåva av Kerrang! gjenoppteke og vert no gjeve ut kvartalsvis.

Kjelder endre

  1. Spanier, Gideon (15. april 2017). «Mixmag kjøper Kerrang! og planlegger å gjenopplive The Face i dobbeltoppkjøp». Campaign. Arkivert frå originalen 3. januar 2018. Henta 2. januar 2018. 
  2. Ruskell 2023, s. 14.
  3. Brannigan, Paul (6. juni 2006). «25 Most Important Bands of Our Lifetime». Kerrang! (1110). 

Bakgrunnsstoff endre