Kherson (ukrainsk og russisk Херсо́н) er ein by i det sørlege Ukraina. Det er det administrative senteret i Kherson oblast (provins) og er eit eige rajon (distrikt) i oblastet. Kherson er ein viktig hamneby ved Svartehavet og Dnepr og har ein stor skipsbyggingsindustri. Byen har kring 330 000 innbyggjarar (2007).

Kherson
Херсон
by
Dnepr i Kherson
våpen
Land  Ukraina
Oblast Kherson oblast
Rajon Kherson bykommune
Del av Sør-Ukraina
Koordinatar 46°38′0″N 32°35′0″E / 46.63333°N 32.58333°E / 46.63333; 32.58333
Areal 135,7 km²
Folketal 358 000  (2007)
Folketettleik 2 638 / km²
Grunnlagd 18. juni 1778
Borgarmeister Volodymyr Saldo
Postnummer 73000
Retningsnummer +380 552
Kart
Kherson
46°38′33″N 32°37′30″E / 46.6425°N 32.625°E / 46.6425; 32.625
Wikimedia Commons: Kherson
Nettstad: www.city.kherson.ua

Historie endre

Fram til 1774 høyrte regionen til Krim-khanatet. Kherson vart grunnlagd i 1778 av Grigorij Aleksandrovitsj Potemkin etter ordre frå Katarina den store. Byen vart bygd under oppsyn av general Ivan Gannibal der den vesle festninga Aleksanderschanz alt låg. Namnet Kherson er ei forkorting av Khersonesos, ein antikk gresk koloni grunnlagd 2500 år sidan sørvest på Krimhalvøya. Ein av dei førte bygningane i Kherson Fort var St. Katarina-kyrkja der Potemkin etter kvart vart gravlagd. Den siste tarpanen vart fanga nær Kherson i 1866.

Demografi endre

I 2001 budde det følgjande etniske grupper i Kherson:

Folkesetnad endre

År Folkesetnad
1790 24,000
1926 58,000
1939 97,000
1959 158,000
1981 361,000
2004 354,000
2007 329,000

Klima endre

Vêrdata for Kherson
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 15 18,6 22,1 28 37,7 39,5 40,5 40,7 33,3 32 21,8 16,5 40,7
Gjennomsnittleg maks °C 1,4 2,2 7,7 15,7 22,3 26,4 29,3 28,9 22,8 15,6 7,8 2,8 15,3
Døgnmiddeltemperatur °C −1,7 −1,3 3,2 10,1 16,1 20,4 22,9 22,3 16,7 10,4 4,1 −0,2 10,3
Gjennomsnittleg min °C −4,5 −4,5 −0,5 5 10,1 14,6 16,8 16 11,3 5,9 1 −2,8 5,7
Lågast målte °C −26,3 −24,4 −20,2 −7,9 −1,5 5,8 9,2 6,6 −5 −7,6 −16,2 −22,2 −26,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 29 30 29 32 39 52 44 35 42 32 38 33 435
Gns. dagar med regn 8 7 9 12 11 11 9 6 9 9 11 10 112
Kjelde: Pogoda.ru.net[1]

Transport endre

Kherson har jernbanesamband til Kiev og Lviv.

Utdanning endre

 
St. Katarina-kyrkja, 1780--åra

Kjelder endre

  1. «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 9. september 2012. 

Bakgrunnsstoff endre