Kjell Borgen

norsk politikar

Kjell Borgen (21. oktober 193922. august 1996) var ein norsk skulemann og politikar for Arbeidarpartiet, fødd i Oslo. Han representerte HedmarkStortinget frå 1977 til 1993, og var samferdsleminister 1986-88, deretter kommunalminister 1988-89 og 1990-92. Sesjonen 1992/93 var han partiet sin parlamentarisk leiar. Fylkesmann i Hedmark 1993-96.

Kjell Borgen
Fødd21. oktober 1939
Oslo
Død22. august 1996 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedElverum lærerhøgskole
Alle verv

Borgen gjekk Elverum lærarskule 1960-62 og var deretter lærar ved Rendalen ungdomsskule 1962-66. Frå 1967 til 1972 var han styrar ved Fagertun skule i Rendalen. I 1972 fekk han stilling som tiltakssjef i Rendalen kommune. Borgen var medlem av Rendalen kommunestyre i perioden 1965-77. Frå 1968 var han ordførar til han i 1977 vart vald til stortingsrepresentant. Han var fylkesvaraordførar i Hedmark i 1974–75.

Frå 1977 til 1993 hadde Borgen fast plass på Stortinget for Hedmark og Arbeidarpartiet. Fram til 1985 var han medlem av samferdslekomiteen, formann i den siste fireårperioden. Etter stortingsvalet hausten 1985 flytta han over i Kommunal- og miljøvernkomiteen, der han var nestleiar. Den 9. mai 1986 tok han over som statsråd i SamferdselsdepartementetGro Harlem Brundtland danna si andre regjering. Ved rokeringar i statsrådskollegiet den 13. juni 1988 tok Borgen leiinga i Kommunal- og arbeidsdepartementet, ein posisjon han hadde til regjeringa måtte vike plass midt i oktober 1989 for ei regjering leia av Jan P. Syse frå Høgre.

Det neste året var Borgen medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen på Tinget. Då Brundtland 3. november 1990 skipa si tredje regjering, kom Borgen tilbake i sjefsstolen i Kommunaldepartementet. Han gjekk ut av regjeringa den 4. september 1992, og vart i staden parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet, med komiteplass i Forsvarskomiteen og i Valkomiteen resten av tingperioden.

Borgen sa nei til attval, då han allereie god tid i førevegen hadde vorte utnemnd til fylkesmann i Hedmark. Han var fylkesmann frå 1993 til han døydde i 1996.

Kjelder endre