Knokkelhole
Ei knokkelhòle er ei grotte der det er funne knoklar av nolevande og/eller fossile dyr. I hòler vert knoklar mineraliser raskt, og oppbevaringa er god. Mange karsthòler i Europa inneheld skjelett av istidsdyr, som til dømes hòlebjørn (Ursus spelaeus). Desse hòlene kan innehalde restar etter mange tusen individ. I Noreg er knoklar av ulike dyr mellom anna funne i Vistehola på Jæren og i mange karsthòler i Nord-Noreg. Dei mest kjende og rikhaldige er Sirijordgrotta i Vefsn, Norcemgrotta i Kjøpsvik og Trollkjerka ved Evenes.
Kjelder endre
- Knokkelhuler. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/knokkelhuler.