Knut J. Vik
Knut Severin Jakobsson Vik (23. februar 1892–16. juli 1972) var ein norsk politikar frå dåverande Bruvik herad som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget.
Knut J. Vik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. februar 1892 Bruvik kommune |
Død | |
Yrke | politikar, gruvearbeider |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Vik var son til ein småbrukar og vegsoppsynsmann. Sjølv arbeidde han i ulike tenester fram til 1925, då han fekk seg arbeid på kalksteinsbrotet Skaftun i heimekommunen. Frå 1942 til 1951 var han arbeidsformann i den same gruva.
Vik var medlem i Bruvik heradsstyre frå 1931 til -40. Etter 2. verdskrigen var over vart han vald til ordførar, eit ombod han hadde til 1957. Både i 1952- og 1953-sesjonen møtte han på Stortinget, fram til 18. juli 1953 som vararepresentant for statsråd Jakob Pettersen, etter den dag som fast representant då Ole Rong døydde. Valperiodane 1954-57 og 1958-61 hadde Vik fast plass på Tinget. I alle år som stortingsrepresentant var ham medlem i Protokollkomiteen, åra 1954-61 var han sekretær i komiteen.