Knut Torstensen Sjøli

norsk politikar

Knut Torstensen Sjøli (20. februar 18771955) var ein norsk bygnings-handverkar og politikar frå Sand sokn i Nord-Odal. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1916 til 1945.

Knut Torstensen Sjøli

Fødd20. februar 1877
Nord-Odal kommune
Død14. februar 1955 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, snikkar
Alle verv

Sjøli var son til ein gardbrukar og tømrar. Også han tok opp tømraryrket og arbeidde som bygnings-handverkar frå femtenårsalderen. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet i Hedmark og vart engasjert i politikken i Nord-Odal. Frå 1907 var han heradsstyremedlem i 30 år. Ein periode var han også varaordførar. Han var mellom anna med i skulestyret, helserådet, soknerådet, overlikningsnemnda og den kommunale gjeldskomiteen. Dessutan var han medlem i styra til det lokale elektrisitetsverket og i Tuberkulosehjemmet. Han var i si tid også medlem av Hedmark fylkesskattestyre og varamann til Riksskattestyret.

Sjøli vart vald inn på Stortinget hausten i 1915, som representant frå einmannskrinsen Vinger og Odalen, attvald 1918. Frå 1922 var han stortingsrepresentant for valkrinsen Hedmark, etter at valordninga var lagd om. Etter at Arbeidarpartiet vart sprengt i to i 1923, slutta store delar av tidlegare DNA-veljarar i Hedmark opp om det nye Norges Kommunistiske Parti. Dermed hamna Sjøli på varamannsplass ved Stortingsvalet 1924, og møtte på Tinget nokre få dagar i 1926-sesjonen og til saman tre veker i 1927. Gjennom stortingsvalet 1927 kom han inn att på Stortinget. Sidan vart han attvald i 1930, 1933 og 1936, og var såleis stortingsmann heilt til 1945. På Stortinget var Sjøli medlem 1916-18 i Justiskomite nr 2, 1919-21 i Universitets- og fagskulekomiteen, 1922-24 og 1928-30 i Justiskomiteen, 1931-36 i Protokollkomiteen og 1937-45 i Kommunalkomiteen.

Kjelder endre