Kolbjørn Stordrange

norsk politikar

Kolbjørn Stordrange (27. september 192418. november 2004) var ein gardbrukar, skulemann og politikar frå Nes i Vest-Agder. Han representerte HøgreStortinget frå 1965 til 1977.

Kolbjørn Stordrange
Fødd27. september 1924
Nes kommune
Død18. november 2004 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, skuleleiar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnBjørn Stordrange
Alle verv

Liv og gjerning endre

Stordrange hadde examen artium frå 1945 og pedagogisk eksamen frå 1956, og var cand.philol. frå 1954. Han var gardbrukar på farsgarden Stordrange i Nes frå 1947, lærar ved Ringards realskule 1948–53, lektor ved Flekkefjord høgre skule frå 1955, og til sist rektor ved Flekkefjord gymnas 1979–91.

Stordrange var medlem av heradsstyret i Nes 1956–1964, varaordfører 1960–63. Etter at Nes vart slått saman med Flekkefjord i 1965, var han medlem av Flekkefjord bystyre 1965–95. Han vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1994. For sine 40 år som kommunestyremedlem fekk han i 1995 Kommunenes Sentralforbund sitt heidersteikn.

Frå hausten 1965 møtte Stordrange, som fyrste vararepresentant, fast på Stortinget frå Vest-Agder og Høgre, då den valde representanten Sverre Walter Rostoft i heile perioden var industriminister i Borten-regjeringa. I 1969 tok Stordrange over fyrsteplassen for Vest-Agder Høgre, og vart vald inn på Tinget i 1969 og attvald i 1973. Gjennom dei tre valbolkane var han;

  • 1965–1969 medlem i Protokollkomiteen
  • 1969–1973 medlem i Landbrukskomiteen
  • 1973–1977 medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen

Kjelder endre