Kristian K. Brandt

norsk ingeniør

Kristian Kornelius Hagemann Brandt (8. juli 183124. juli 1905) var ein norsk offiser, vegbyråkrat og stortingsmann frå Eidsberg.

Kristian K. Brandt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. juli 1831
Eidsberg kommune
Død

24. juli 1905 (74 år)
Christiania

Yrke ingeniør, politikar, offiser
Språk norsk

Brandt var son til ein fut. Sjølv gjekk han krigsskulen, eksamen 1840, sekondløytnant i 1. akershusiske brigade i 1852. Etter nokre år i kavaleribrigaden var han knytt til ingeniørbrigaden frå 1863 til 1897, frå 1890 som major. Han var busett i Christiania i perioden 1848-63, i Moss 1863-70, på ny i Christiania 1870-75, i Trondheim 1875-80 og på Fredriksten frå 1880 til -86. I 1897 tok han avskjed frå Forsvaret, etter sju år som distriktsingeniør for Akershus med Gardermoen.

Brandt var tilsett ved Statens Vegvesen 1856-70. I 1866 kom han og J.T. Landmark med framlegg om byggje ei jarnbanelinje mellom Christiania og Fredrikshald, samt ei sidelinje gjennom Indre Østfold. Han kjempa planen fram til vedtak om anlegg av Smaalensbanen i Stortinget i 1873. Brandt er derfor kjend som «Smaalensbanens Fader». Åra 1872-73 var han veginspektør i Akershus.

Han var medlem av bystyret i Moss og seinare i Halden. På stortinga 1865-66 og 1868-69 representerte han valkrinsen Moss og Drøbak. I begge stortingsperiodane var han medlem av militærkomiteen, i den siste bolken som sekretær for komiteen.

Kjelder endre