Krukke (norrønt krukka, frå lågtysk eller gammalengelsk) er typisk eit sylinderforma kar av leire, porselen, glas og anna. Dei kan ha løftehankar (øyre) i sidene eller lok. Krukker blir særleg brukt til lagring av mat og drikke som syltetøy, rømme, krydder, pasta og vatn.

Hollandsk krukke, syltekrukke i keramikk.
Foto: Jon-Erik Faksvaag / Norsk Folkemuseum, NF.2010-0222.

Krukker har også andre bruksområde, til dømes som blåseinstrument (jug) eller rytmeinstrument (t.d. ghatam). Dei speler ei rolle i fleire hinduritual og -tradisjonar, som dansen garba.

Japansk utsal med kjeks i glaskrukker.
Krydderkrukke i keramikk med lok, produsert på Egersund Fayancefabrik.
Foto: Anne Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum, NF.1971-0061AB
Denne leiketøyskrukka frå 1890-åra viser korleis ein tidlegare lukka syltekrukker ved å binda fast eit papir eller klede over opningen.
Foto: Anne Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1985-0175.

Krukkelaging i Norden endre

Allereie i romersk jernalder blei det produsert keramikkkrukker av høg kvalitet i Norden.[1] I perioden 1000–1600 ser det ikkje ut til å ha vore nokon keramikkproduksjon i Noreg. Først mot slutten av 1600-talet blei pottemakarfaget meir synlig, og utover på 1700-talet fann det stad ei stor oppblomstring med pottemakarar som slo seg ned både i byar og på landsbygda.[2]

På 1800-talet blei det utvikla glaskrukker som kunne forseglast hermetisk, slik at mat kunne lagrast svært lenge utan å rotna. Norgesglaset blei først produsert av Drammen Glassverk, og blei særs populært i Noreg på 1900-talet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Cederlund (1963)
  2. Opstad (1990).

Litteratur

  • Cederlund, Carl Olof (1963): «Keramik». Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, Bd.8, sp. 381-387, Oslo.

Opstad, Lauritz(1990): Norsk pottemakeri 1600-1900. Oslo. ISBN 82-521-3507-2

  • Østby, Jon Birger(1984): Nomenklatur for melkestell. Med tegninger av Torill Sand. Oslo.

Bakgrunnsstoff endre