Kurt Wintgens (1. august 189425. september 1916) var eit tysk flygaress frå Den fyrste verdskrigen. Han var den første militære jagarflygaren som skaut ned eit møtande fly væpna med eit synkronisert maskingevær. Wintgens blei heidra med Jernkrossen og Pour le Mérite.

Kurt Wintgens

Fødd1. august 1894
FødestadPrudnik
Død25. september 1916
DødsstadVillers-Carbonnel
Rangløytnant
EiningLuftstreitkräfte
Konfliktarden fyrste verdskrigen

Bakgrunn endre

Wintgens vart fødd inn i ein militær familie i Neustadt i Oberschlesien (dagens Prudnik i Polen).[1] Militærtenesta hans byrja då han gjekk inn i Telegraphen-Bataillon Nr. 2 i Frankfurt/Oder som fahnenjunker i 1913.[2]

Kjelder endre

  1. Kurt Wintgens blei fødd i Neustadt i Oberschlesien (Neustadt O.S.) i Preussen; IKKJE i Neustadt an der Saale (Neustadt a.S. eller Neustadt a.d.S.) i Bayern. Denne feilen er vanleg i sekundærlitteraturen, men primære kjelder oppgjev klart Neustadt i Oberschlesien som fødestad, jf. 1900 Minden Census, bind I, s. 549.
  2. Wyngarden, Greg van (2006). Early German Aces of World War I. s. 10.