Lafjord
- For fjorden i Finnmark, sjå Lafjorden
Lafjord er ein del av Stolsfjorden i Flekkefjord kommune som går inn til sjølve byen Flekkefjord. Fjorden startar ved Kjeøy og strekkjer seg 4 km nordover til sentrum av Flekkefjord. Gjennom Flekkefjord går det eit lite sund dei kallar Elva og på andre sida ligg Grisefjorden.
Lafjord | |||
Flekkefjord sentrum ved det smale sundet
der elva går mellom Lafjord og Grisefjorden. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Lafjord 58°16′45″N 6°39′30″E / 58.27917611°N 6.65840111°E |
Utanom sjølve Flekkefjord ligg bygda Fjellsæ på vestsida av Lafjord. Ved innløpet til hamnebassenget utanfor Flekkefjord sentrum stikk to nes ut i fjorden. På vestsida ligg Sveigeodden og på austsida ligg Grønnes. Vest i hamnebassenget ligg Tjørsvågvika med Tjørsvågstrand. Nord for denne ligg Trellevika.