Lars Pedersen

norsk politikar

Lars Pedersen (24. januar 188911. august 1959) var ein norsk arbeidsmann og politikar frå GranHadeland. Han var stortingsrepresentant 1922-24 frå valkrinsen Oppland.

Lars Pedersen
Fødd24. januar 1889
Død11. august 1959 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Lars var frå unge år smed og mekanikar på A/S Randsfjord Træmasse og Papirfabrik på Jevnaker. Han kom tidleg med i arbeidarrørsla og tok på seg mange tillitsverv. I fleire periodar var han medlem av Jevnaker kommunestyre, sat også i formannskapet.

Valbolken 1922-24 var Pedersen stortingsmann. Han representerte Det norske Arbeidarparti til hausten 1923. Etter Arbeidarpartiet vart sprengt, representerte han Norges Kommunistiske Parti. Han var ein av få «her i distriktet» som heldt fast på medlemskapen i NKP. «Pedersen er en interessert og grei kar som går inn for de saker som ligger ham på hjertet».

Kjelder endre