Lauritz Rygh
Lauritz Kristian Nilssen Rygh (14. juli 1874–1950) var ein norsk pressemann og politikar frå Stavanger. Han representerte byane i Vest-Agder og Rogaland og partiet Venstre på Stortinget frå 1931 til 1945.
Lauritz Rygh | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juli 1874 |
Død |
1950 (75 år) |
Yrke | avisredaktør, politikar |
Politisk parti | Venstre |
Rygh var son til ein skomakarmeister. Etter middelskolen tok han eksamen ved Stavanger tekniske aftenskole. Frå 1889 til 1901 arbeidde i skoverksemda til faren. Han fekk då stilling i redaksjonen til Stavanger Aftenblad. I tida 1921 til 1927 var han redaktør i avisa. Sviktande helse førte til at han trekte seg frå sjefsjobben, men arbeidde i avisa til utgangen av 1940.
Gjennom fire valperiodar, 1916-28, var Rygh medlem i Stavanger bystyre. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen beståande av byane Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund, attvald to gongar. Perioden 1931-33 var han medlem i Finans- og tollkomiteen, deretter 1934-36 i Helsekomiteen, og til sist, 1937-45 i Universitets- og fagskulekomiteen.
Kjelder endre
- Stortingsbiografi Arkivert 2015-05-29 ved Wayback Machine.