Laussedat Heights
Laussedat Heights er ei rekkje høgder som strekkjer seg 8 nautiske mil (15 km) austover, sørvest på Arctowski Peninsula, på vestkysten av Graham Land. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) frå flyfoto tekne av Hunting Aerosurveys Ltd. i 1956-57, og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1960 etter Aime Laussedat (1819–1907), ein fransk militæringeniør og opphavet til fotogrammetri», som er ein metode der ein nyttar fotografi til landmåling frå kring 1851 og utetter.
Laussedat Heights | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°47′S 62°30′W / 64.783°S 62.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Laussedat Heights 64°47′00″S 62°30′00″W / 64.7833°S 62.5°W | |||
Kjelder endre
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Laussedat Heights» (innhald frå Geographic Names Information System).