Linnorm

(Omdirigert frå Lindorm)

Linnorm er eit fabelvesen nytta som allegorisk, grafisk og heraldisk figur. Den liknar på fabelvesenet drake, men har to bein og ikkje fire som draken. De oppheld seg gjerne i dei store skogane eller i vollgraver. Ordet linnorm kjem frå det norrøne linnormr, der forleddet linnr eller linni tydar 'slange'. I meininga 'bøygeleg eller mjuk' kan ordet også ha gjeve namn til treslaget lind.

Slingrande ormar på ein runestein frå Uppland i Sverige, 1000-talet, (Upplands runinskrifter U871).
Linnormbrønnen i Klagenfurt.
... og byvåpenet i Klagenfurt.

Linnorm i kulturen endre

Ein naturmytisk ballade «Lindormen» (TSB A29) har mange motiv til felles med eventyret om «Lindormen» (AT 433). Sjå også kjempevisa «Ormkampen» (TSB E156).

Linnorm opptrer også i fantasiriket Nangijala i Astrid Lindgren-boka Brødrene Løvehjerte.