Lover om kjøp og sal

Kjøp og sal er ei spesiell form for avtalar, som er regulert av fleire ulike lover.

Handel med lausøyre mellom privatpersonar eller mellom næringsdrivande er vanlegvis regulert av kjøpslova, som definerer rettar og plikter for både kjøpar og seljar.

Dersom seljaren er næringsdrivande og kjøparen er ein forbrukar, er det forbrukarkjøpslova som gjeld. Den gjev betre vern av forbrukaren sine rettar enn kjøpslova.

Ved handel utanom fast utsalsstad kjem angrerettlova inn og gir eit visst vern for forbrukarane.

For handel med fast eigedom gjeld avhendingslova. Den fastset dei juridiske rammene for kjøp og sal av mellom anna bustader, dersom desse bustadene har vore i bruk tidlegare. Men ved kjøp og sal av bygningar som enno ikkje er ferdig oppførte, gjeld først og fremst bustadoppføringslova.

Det finst òg ei avtalelov, men den er svært generell og seier lite eksplisitt om kjøpsrett for dei einskilde typane av kjøp.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.