Ludvig Eriksen (1851-1905)

Ludvig Eriksen (15. januar 185128. september 1905) var ein norsk journalist, kritikar, omsetjar, forfattar og stortingsstenograf.

Liv og virke endre

Ludvig Eriksen var fødd i Kristiania. Foreldra var handelsmann Erik Eriksen (1821-1884) frå Lomnes i Ytre Rendal og Berthe Marie Jørgensen Malmer (1825-1870) frå Kristiania. Han vart student i 1868 og studerte ei stund medisin, men avslutta studiet for å følgje interessene sine innanfor journalistikk og litteratur. Eriksen omsette boka Paris i Amerika av Édouard Laboulaye frå fransk, som vart trykt som føljetong i Dagbladet i 1872 og i bokform.[1] I 1874 gav han ut Fra Hjembygden. Fortællinger og Udkast, ei bok med folkelivsskildringar frå Østerdalen. Denne boka fekk blanda kritikkar. Forfattaren Johan Vibe omtalar Eriksen som ein lite original Bjørnson-etterliknar:

Anderledes forholder det sig med de øvrige Forfattere, der uden Støtte i en betydelig poetisk Begavelse forsøgsvis have slaaet ind i en lignende Retning. Jeg skal kun nævne to, nemlig Ludvig Eriksen og Conrad Dahl, ikke fordi deres Arbeider, «Fra Hjembygden» og «Eda Manzika», har noget Værd i sig selv, men fordi de har faaet en vis Betydning derved, at ogsaa de ere blevne forsynede med «det gyldendalske Stempel» som ægte norsk Poesi. Disse Forfattere, der mangler den digteriske Begavelse og den poetiske Takt, er, ligesaavist som Bjørnson i sine Dramaer, mangfoldige Steder gaaet over paa Parodiens Enemærker.[2]

Frå 1883 til 1887 var han redaktør for Christiania Intelligentssedler, og frå 1. februar 1873 til oktober 1904 var han stenograf ved Stortinget.[3]

Han vart gift 7. juni 1879 med Albertine Pauline Fischer (1854-1932)..[4] Dei fekk ingen barn.[5] Albertine døydde i ein brann 13. januar 1932.[6]

Kjelder endre

  1. Laboulaye, Edouard (1872). Paris i Amerika. 
  2. Vibe, Johan (1876). Bjørnstjerne Bjørnson og den nyere norske Poesi. Kristiania: Aschehoug. s. 60. 
  3. Thomle, E.A. (Erik Andreas) (1919). Studenterne fra 1868. s. 86. 
  4. Halvorsen, J.B. (1888). Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880. Den Norske Forlagsforening. s. 233. 
  5. Thomle, E.A. (Erik Andreas) (1919). Studenterne fra 1868. s. 86. 
  6. «Tidens Tegn 1932.01.13». Oslo. 13. januar 1932. s. 1.