Ludvig Harboe

dansk prest

Ludvig Harboe (16. august 170915. juni 1783) var ein dansk historikar og geistleg, biskop i Trondheim stift 1746–48, frå 1757–83 i Sjælland stift.

Ludvig Harboe

Statsborgarskap Danmark
Fødd 16. august 1709
Broager
Død

15. juni 1783 (73 år)
København

Yrke prest, teolog, historikar
Medlem av Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ludvig Harboe på Commons

Foreldra hans var prost Johannes Harboe og Marie, fødd Petersen.

Utdanning og arbeid endre

18 år gammal var han send til gymnaset i Hamburg. Sidan studerte han ved universiteta i Rostock, Wittenberg og Jena før han vende heim til Broager for å fullføre dei teologiske studia, før han i 1735 reiste til København.

Frå 1738 gav han i lag med Jacob Langebek ut Dänische Bibliotek oder Sammlung von alten und neuen gelehrten Sachen aus Dännemark. I 1738 vart han prest, først som tysk kapellan ved Garnisonskirken i København.

Frå 1741 til 1745 var han visitatorIsland. Formålet var å skaffe pålitelege opplysningar om dei kyrkjelege tilhøva på Island, å innføre konfirmasjonen og å ta i bruk Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme.

Biskop endre

I 1743, medan Harboe var på Island, vart han utnemnd til biskop i Trondheim. Etter å ha blitt vigsla til biskop kom han til Trondheim i 1746. I breva til Kyrkjekollegiet påtalte han mange usømmelege folkeskikkar, og som han aktivt stridde mot. I løpet av dei to åra som biskop, visiterte han det meste av stiftet, heilt opp til Vardøhus.

I 1748 reiste han attende til København og gifta seg der med bispedottera Frederikke Louise Hersleb (1720–1780). Han vart biskopens assistent, og då denne døydde i 1757, vart han utnemnd til ny biskop.

I 1777 fekk Harboe og Ove Høegh-Guldberg i oppdrag å leie arbeidet med å utforme ei ny salmebok. Denne Guldbergs salmebok vart særprega ved at ein tredel av salmane var skrivne av Birgitte Cathrine Boye.

Kjelder endre