Ein lufttorpedo er eit marinevåpen, ein torpedo, som eit luftfartøy - eit fly eller helikopter - slepp i vatnet, før våpenet driv seg sjølv framover mot målet.[1] Det vart først nytta i første verdskrigen, og mykje under andre verdskrigen. Våpenet er framleis i avgrensa bruk. Lufttorpedoar er generelt mindre og lettare enn torpedoar avfyrte frå ubåtar eller frå land.

Ein lufttorpedo sleppt frå ein Sopwith Cuckoo under første verdskrigen.

Historisk vart «lufttorpedo» nytta om flygebomber og pilotlause droner nytta som våpen, som i dag vert kalla kryssarrakettar.[2][3] I dag vert omgrepet hovudsakleg nytta om vassborne torpedoar sleppte frå lufta.

Kjelder endre

  1. Dictionary.com aerial torpedo. Henta 31. mai 2020.
  2. Hughes, Thomas Parke. American genesis: a century of invention and technological enthusiasm, 1870–1970, p. 127. University of Chicago Press, 2004. ISBN 0-226-35927-1
  3. Stoff, Joshua (2001). Historic Aircraft and Spacecraft in the Cradle of Aviation Museum. Courier Dover Publications. s. 16. ISBN 0-486-42041-8. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lufttorpedo