Ei lynstråle er det synlege beviset for ei lynutlading og kjem som regel i lag med eit høgt torebrak. Som uttrykk for det guddommelege har det vore eit mektig symbol gjennom historia og finst i mange mytologiar. På grunn av sambandet til det mektige, vert lynstråla ofte nytta i militær symbolisme og som symbol for elektrisitet.

Fotografi av ei lynstråle.
Stilisert teikning av ei lynstråle.

Lyn speler ei rolle i mange mytologiar, ofte som våpen frå himmel- og stormgudar. Lynstråla var særleg knytt til Zevs og Jupiter frå høvesvis gresk og romersk mytologi.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lynstråle