Marguerite Abouet

ivoriansk skodespelar, skribent og manusforfattar

Marguerite Abouet (fødd i 1971) er ein fransk-ivoriansk teikneserieskapar. Ho er best kjend for den grafiske romanserien Aya.[1]

Marguerite Abouet

Statsborgarskap Elfenbeinskysten
Fødd 1971 (53 år)
Abidjan
Yrke skodespelar, skribent, manusforfattar, tegneserieforfatter
Medlem av Collectif des créatrices de bande dessinée contre le sexisme
Marguerite Abouet på Commons

Liv endre

Abouet blei fødd i 1971 i Abidjan, hovudstaden i Elfenbeinskysten,[1] og voks opp i Yopougon.[2] Då ho var 12 år flytta ho og bror hennar til Frankrike, der dei budde hjå grandonkelen sin.[3] Som vaksen busette ho seg i Romainville, ein forstad til Paris, og seinare i Noisy-le-Sec.

Abouet verka som juridisk assistent fram til ho bestemte seg for å satsa på skrivinga på fulltid.[4]

Aya endre

Den grafiske romanen Aya var det første verket til Abouet, illustrert av ektemannen Clément Oubrerie, som heller ikkje hadde laga slike verk før. Abouet var inspirert av Marjane Satrapi sitt verk Persepolis, ein grafisk roman om ein oppvekst i Iran.[3] Ho hadde også eit ønske om å syna fram ei afrikansk forteljing som ikkje berre fokuserte på krig og svolt, slik det var vanleg i media.[5] Personane hennar frå Elfenbeinskysten går til skule og arbeid, planlegg framtida og har problem heime, nett som folk andre stader i verda.[6] Abouet bygde på miljøet og personar ho kjende til då ho voks opp, men elles er ikkje forteljinga sjølvbiografisk.[3]

Aya blei ein suksess, særleg for ein debutforfattar. Det første bandet vann førsteprisen for første teikneserie ved den internasjonale teikneseriefestivalen i Angoulême i 2006. Det blei seld i over 200 000 eksemplar i Frankrike.[7] Det kanadiske forlaget Drawn and Quarterly distribuerte ei engelsk utgåve i USA. Dei trykte over 10 000 eksemplar,[7] eit betydeleg tal for ein debutserie i USA.[7] Abouet overtalte også dei franske forleggjarane sine til å selja billigare versjonar med mjuke permar i Elfenbeinskysten.[7] Mellom 2005 og 2010 kom det ut seks band i serien.

I 2011 byrja Abouet og Oubrerie laga ein animasjonsfilm av forteljinga. Han kom ut i 2013, og blei nominert til César-prisen for beste animasjonsfilm året etter.[8]

Marguerite Abouet har vore stemmeskodespelar ved ulike høve. I 2011 gav ho røyst til l'Africaine ('den afrikanske kvinna') i animasjonsfilmen Le Chat du Rabbin av Joann Sfar og Antoine Delesvaux, ein adaptasjon av teikneserien av same namn.[9] I 2013 gav ho røyst til Fanta og mère Mamadou i filmen Aya de Yopougon basert på sin eigen serie.[9]

Verk endre

Kjelder endre